Radio Fres

Radio Fres er det offisielle kringkastingsorganet til Fres Festival, Fresvik, Sogn Indre. RadioFres er, saman med Nyhende, apeksen i festivalen sitt mediale frontangrep. Radio Fres kan opplevast på podcast frå denne sida, via renegatsendingar på lokalradio og, ikkje minst, årleg på tunet på Skau sånn ca. midt i festivalen.

Frescast #7 2008

Podcast, veke 20 (lagt ut 13. mai).
Klikk og lytt: Frescast #7 2008
Podcastarane har teke eit kort avbrekk, men lovar å komme attende ganske så snart.

Å få tilgang til podcastane

Dette er svært enkelt, skjønar du.

Abonner på fresn-podcast ved å gå inn på/kopiere feed-adressa, legg den inn som abonnement i din favoritt-mediaspelar, set på automatisk overføring i mediaspelaren, brygg deg ein kopp espresso, kople frå mediaspelaren, gå på jobb i reklamebransjen med lyden av Fresvik på øyra og vent på at neste podcast automatisk vert lasta over i spelaren din om omtrent ei veke (viss du er i reklamebransjen nyttar du nok itunes, og kan difor gjere det så enkelt at du klikkar på direktelenkja for itunes som legg podcasten automatisk til i itunes).

Les meir om feed på fresn.com eller podcast på nrk.no.

Møt radiofolket

Magnar

Dersom du vil kontakte kringkastingsorganet med tips, synspunkt eller ytringar, kan du gjere det via foruma. Men ikkje rekne med at synspunkta dine vert lagt særleg mykje vekt på. Magnar er kringkastingssjef, programleiar og den sjølvtitulerte demokratiske diktatoren i Radio Fres, og han kjem nok til å gjere som han sjølv vil.